Interimsstyret for ei heilskapleg satsing på oselvaren,
i samarbeid med Oselvarlaget inviterer til ope Seminar og Fest
Laurdag 18. februar
Oselvarnaustet på Osøyro
Seminaret startar kl. 16:00
med overgang til fest kring kl. 18:30
Ideen om eit Nasjonalt Oselvarsenter har byrja å ta form, men er langt frå ferdig. No treng vi i interimsstyret dine tankar, idear og forslag for å bringe denne spanande satsinga vidare. Bli med og skap eit framtidig Oselvarsenter! Festen vert arrangert av Oselvarlaget som spanderer gryterett. Drikke av ymse slag, både med og utan alkohol kan du kjøpe på staden. Det er berre å koma, det er ikkje noko påmelding.