STORD RUNDT 2018
Lørdag 9.juni 2018 " Skarven"
Utanfor Kjøttenståno ligg ein av oljeindustriens mastodontar. Skal vi gå innafor , og komme i vindskyggen , eller utanfor og segle lenger? Me seglar på grensa av de vi tåler med spinnaker. Når vi passerar mastodonten ligg ein liten båt og duppar i bølgene, det veiftar med flagg og lagar lyd og vinkar , Vi vinkar tilbake , «Gutestrekar» tenker vi , no skal dei lure oss til å tru at seglasen er avkorta, Det er då ikkje rette flagget, eller? Vi seglar om kapp med Jan Vidar og Karen på FS II , og gjer akrobatiske manøvre under spinnakeren , fossar inn til moloen for målgang. Ingen der!
Men seglasen starta dagen før i god vestleg vind og vi på Skarven var svært nøgd når vi nærma oss Sigleflu i bakre del av det første feltet. Lite visste vi at det var bom stopp ved Ringholmen , med vindstille og ½ knop motstraum. Halvor skjøna teikninga og som den strategen han er seier han;» Eg går å legg meg». Han far satt å duppa i cocpit heile natta til sola stod opp , fleire gonger oppunder staken i Ringholmsundet, og desse båtane som kom seg forbi !!!! Nokre ankra opp , ein og annan motor vart starta, og hektisk vinking, me må heim å sove. Etter åtte timar dukka eit smilande ansikt opp frå salongen, Kor langt er vi komt? Vel , vi er på samme staden , Halvor diska opp med speilegg og flesk , og etterkvart som kaffien var konsumert så merka vi vindpust . Sneik oss forbi Ringholmen ,og han far gjekk i bikken , medan Halvor heiste spinnakeren. Midtfjords nedover nyleia , skjæring gjorde at båtane havna i vindskygge. Etterkvar våkna han far til og vi runda Hestolmane med nær broach, Men jammen gjekk det unna!!!!!
Og det var laurdagen som kulminerte med ein tur om bord i gamle Sunnhordland, Te og kaffi i solsteiken i Cocpit og ikkje minst koselig prat med Jan Vidar , Karen, Terje og Paul.
Per og Halvor
Søndag 10.juni 2018 "Tussi"
Våkna av VHFen om bord etter eit par timer urolig søvn i Leirvik Havn. Det var Regattasjefen som meldte om avkortning av Stord Rundt ved Stord Verft. Hmm, er det noen som seiler enda. Me hadde gitt oss ved Ringholmen på morgenen etter 10 timer i vindstille og motstrøm. Trøtte hoder hadde kalkulert distanse og hastighet (på ca 0 til 0,3 knop) samt værvarsel og kommet frem til at vi umulig kunne nå makstiden for regattaen. Men me tok altså grundig feil, snart kom klasse vinnerne Skarven og FS2 inn i havna pakkende på seil. Tålmodighet lønner seg.
Men på regattaens andre dag "Sunnhordaland Race" var det fine vindforhold NV 3-6 M/S og kryss nesten hele veien til Bekkjarvik. Me fekk ein god start ut i fra moloen og var tidlig ute på fjorden.
Me diskuterte veivalg i fjorden og kom frem til å holde langs Stordalandet og prøve å utnytte vinddreininga som vi meite måtte komme ved utløpet av Digernessundet. Dette gav utrolig god uttelling og når me runda Føyno hadde me bare ILC40 fremfor oss. Og etter det var det bare for mannskapet (Terje) å jobbe knallhardt med slagene oppover Nyleio. Stikk i skøte over Selbjørsfjorden, eit slag og i mål ved Bekkjarvik. Ein herlig seilas under perfekte forhold for "Tussi".
Takk til Stord og Bergens Seilforening for ei flott regattahelg.
Paul og Terje