Pinsetur 2018

Utskrift E-post

Pinsetur til Onarheim

IMG 5100IMG 5104

IMG 5113IMG 5115

Om lag 15 båtar fann vegen til Onarhamn i Pinsen, med mannskap i alle aldre, og til og med 3 hundar var med, kanskje om lag 40 i alt.

Nokon hadde overnatting på vegen, og ankom på Pinseaftan, medan andre hadde fortøyd i det flotte anlegget til Alsaker på fredagen, og hadde allerede vore både ein og fleire gonger på Blåbærhaugen.

Lite fisk å hente i sjødn , men ei flott rødspette og ei lita lange hamna i suppa som Mia mekka på gassbluss på søndagen. Og det vart med den som med spikersuppa, kjempegod suppe. Om kvelden samling rundt suppegryta, og i partyteltet på kaien gjekk drøset, og det var til og med tilløp til danseaktivitet. Etterpå søkte folk saman i båtane , og underteikna havna i båten til Kjell, som drog i gang ei trivelig sangstund med gitaren. Været var det best tenkelige, og mandagen hadde værgudane bestemt seg for ein heilt spesiell overraskelse , med seglvind frå kai til kai, medstraums gjennom Lukksund i ein eventyrseglas. Det passa godt for underteikna som har svikt på dynamoen. Ei eventyrhelg for store og små! Takk til initiativtakar Reidar!

Per Aga (Referent)

Treff: 2189