Dokumenter til årsmøtet 2019 er nå lagt ut. Du finner disse på Medlemssiden etter at du har logget deg inn
Dokumenter til årsmøtet 2019 er nå lagt ut. Du finner disse på Medlemssiden etter at du har logget deg inn
Til medlemmene i Os Seilforening
14.03.2019 Kl 19:00 Kvernavika
Innkalling til årsmøte i Os Seilforening
Styret innkaller herved til årsmøte i Os seilforening
Årsmøtet avholdes den 14.03.2019 kl 19:00.
Saker som et medlem ønsker å tatt opp på årsmøtet, må sendes styret senest 28.02.2019 til styret@os-seilforening.org.
Fullstendig sakliste med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengelig for medlemmene senest én uke før årsmøtet.
For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vært medlem av idrettslaget i minst én måned, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett. For mer informasjon om stemmerett, valgbarhet, forslagsrett mv., se idrettslagets lov § 5 til § 8.
Velkommen til årsmøte!
Med vennlig hilsen
styret
Årsfest i Os Seilforening lørdag 27. okt 2018
Festkomiteen.
50 festledde seglarar med følge mønstra i Oselvarnaustet denne denne mørke stormfulle oktoberkvelden .
På Otto, som var konferansier, forstår vi at dei frå Hegglandsdalen er noko for seg sjølv . lkkje langt mellom latterkulene på årets seglarfest.
Festtalar Eirik tok oss til stormfulle høgder tilbake til den spede begynnelsen med skipper Arne ved roret. Han formidla opplevingar som om det var i går, så det var opplevingar som gjorde inntrykk . Ein framifrå flott tale for ei feststund.
Det vart premieutdeling , og der skulle kokkelaget til Hans også ha vore. Kjøkkenet på «Kysten» leverte ei oksegryte med kjøtt så mørt at det smelta på tunga.
Årets trimmingseglas vart toppa av Tayo fulgt av Brigten og Akina, i klassen opp tom 0.94. Største klasse vart vunne av Piano, fulgt av Stella og Tussi .Klubbmester vart Skarven. Ottoen vart vunnen av Marlin.
Så spela Anders Kristensen, Baard Hansen og Olav Skorpen opp til dans , og laga kjempestemning. Utover kvelden vart bandet utvida med egne krefter, og jammen var det moro å høyre Otto i sitt ess.
Festen vara til langt på natt, med ein time ekstra.
Den 26 oktober 2019 samlast me på ny . Festkomiteen blir då Brygge B, og Terje Eltvik får utfordringen med å kalle saman komiteen.
Bjørneseilasen-Os Mesterskapet
Laurdag 1.september til søndag 2. september 2018.
Søndag; Spenningen er til å ta og føle på. Genoaen må opp, Spinnakeren må ned og storseilskjøtet strammast inn i samme øyeblikk som vi rundar bøyen. Ein flott Spinnakerlegg frå Grønholmen utanfor Våge til Alholmen nærmar seg sitt klimaks…
Regattaen starta laurdagen kl 1100 ved Blia og gjekk ned til Bleikja og så opp til rundingsmerke ved Alholmen, så kryss til Grønholmen langt der borte under storslåtte Tysnes såta og Hovlandsnuten. På Skarven tok vi ein «Sverre» det vil seie eit langt slag , og skåra på det; Klassevinnar! Dei andre vinnarane i Bjørneseilasen var; Turklasse: «SuMar ll», Singlehand: »Fønix», NOR Doublehand: «Stormen», NOR Uten Spinnaker : «AJAJA», NOR fom 1.010:« Argo».
På Våge hadde Patrick og hans kokkelag rigga Mandelhuset for seglarinnrykk. Langbord til 80 personar, og med førehandsbestilling av hovudrett; Breiflabb eller Biff, så gjekk bordseta som ein draum. Innsatsen vart belønna med Takk for maten sang med kanon. (Sjølv om ikkje alle fekk med seg andre vers) Eit imponerande arrangement av Patrick. Kjempegod stemning med premieutdeling for Bjørneseilasen. Så stemte Otto i Shetlands sangen for å toppe det heile.
Dei små timane vart tilbrakt om bord i båtane, og det vart seint, med påfølgande sein avgang søndagen. Egg og bacon tar tid, så når forseglet omsider kom opp, så gjekk starten. Men akk feil forsegl, det var jo ein Spinnakerlegg. Vår vante tru så styrte vi rett på, og klarte rundinga ved Alholmen i rekka av båtar som runda etter tur med små marginar. Turen gjekk vidare til runding av Bleikja og så attende for målgang.
Sammanlagt for dei to dagane Os Mesterskapet:
Doublehandklassen vart vunne av Finn og Åse på «Gleden», Singlehand hadde ein deltakar Helge på «Fønix», Tuklasse også ein deltakar «SuMar ll» NOR rating tom 1,009 gjekk til « Skarven», som vart Klubbmester, NOR Rating uten spinnaker gjekk til « Cumulus», og NOR rating fom 1,010 gjekk til «SteggXVI», som vart Os Mester.
Ei framifrå seglarhelg. Takk til Milde Båtlag som stilte med Startbåt og regattasjef Kjell Totland , Patrick på Mandelhuset for framifrå servering og Tysnes Sparebank for sponsormidlar.
I 2019 kjem Askeladden den 31 august til 1. september . Velkommen !!!
Per Aga
STORD RUNDT 2018
Lørdag 9.juni 2018 " Skarven"
Utanfor Kjøttenståno ligg ein av oljeindustriens mastodontar. Skal vi gå innafor , og komme i vindskyggen , eller utanfor og segle lenger? Me seglar på grensa av de vi tåler med spinnaker. Når vi passerar mastodonten ligg ein liten båt og duppar i bølgene, det veiftar med flagg og lagar lyd og vinkar , Vi vinkar tilbake , «Gutestrekar» tenker vi , no skal dei lure oss til å tru at seglasen er avkorta, Det er då ikkje rette flagget, eller? Vi seglar om kapp med Jan Vidar og Karen på FS II , og gjer akrobatiske manøvre under spinnakeren , fossar inn til moloen for målgang. Ingen der!
Men seglasen starta dagen før i god vestleg vind og vi på Skarven var svært nøgd når vi nærma oss Sigleflu i bakre del av det første feltet. Lite visste vi at det var bom stopp ved Ringholmen , med vindstille og ½ knop motstraum. Halvor skjøna teikninga og som den strategen han er seier han;» Eg går å legg meg». Han far satt å duppa i cocpit heile natta til sola stod opp , fleire gonger oppunder staken i Ringholmsundet, og desse båtane som kom seg forbi !!!! Nokre ankra opp , ein og annan motor vart starta, og hektisk vinking, me må heim å sove. Etter åtte timar dukka eit smilande ansikt opp frå salongen, Kor langt er vi komt? Vel , vi er på samme staden , Halvor diska opp med speilegg og flesk , og etterkvart som kaffien var konsumert så merka vi vindpust . Sneik oss forbi Ringholmen ,og han far gjekk i bikken , medan Halvor heiste spinnakeren. Midtfjords nedover nyleia , skjæring gjorde at båtane havna i vindskygge. Etterkvar våkna han far til og vi runda Hestolmane med nær broach, Men jammen gjekk det unna!!!!!
Og det var laurdagen som kulminerte med ein tur om bord i gamle Sunnhordland, Te og kaffi i solsteiken i Cocpit og ikkje minst koselig prat med Jan Vidar , Karen, Terje og Paul.
Per og Halvor
Søndag 10.juni 2018 "Tussi"
Våkna av VHFen om bord etter eit par timer urolig søvn i Leirvik Havn. Det var Regattasjefen som meldte om avkortning av Stord Rundt ved Stord Verft. Hmm, er det noen som seiler enda. Me hadde gitt oss ved Ringholmen på morgenen etter 10 timer i vindstille og motstrøm. Trøtte hoder hadde kalkulert distanse og hastighet (på ca 0 til 0,3 knop) samt værvarsel og kommet frem til at vi umulig kunne nå makstiden for regattaen. Men me tok altså grundig feil, snart kom klasse vinnerne Skarven og FS2 inn i havna pakkende på seil. Tålmodighet lønner seg.
Men på regattaens andre dag "Sunnhordaland Race" var det fine vindforhold NV 3-6 M/S og kryss nesten hele veien til Bekkjarvik. Me fekk ein god start ut i fra moloen og var tidlig ute på fjorden.
Me diskuterte veivalg i fjorden og kom frem til å holde langs Stordalandet og prøve å utnytte vinddreininga som vi meite måtte komme ved utløpet av Digernessundet. Dette gav utrolig god uttelling og når me runda Føyno hadde me bare ILC40 fremfor oss. Og etter det var det bare for mannskapet (Terje) å jobbe knallhardt med slagene oppover Nyleio. Stikk i skøte over Selbjørsfjorden, eit slag og i mål ved Bekkjarvik. Ein herlig seilas under perfekte forhold for "Tussi".
Takk til Stord og Bergens Seilforening for ei flott regattahelg.
Paul og Terje